Informasjonsfilm om kvalitetsbehandling av fisk

Publisert: Sep 17, 2013

Feil fangstbehandling av fisk gjev redusert produktkvalitet og pristap for fiskebåtane. Mange båtar leverer god kvalitet, men mange har for stort fokus på kvantitet i forhold til kvalitet.Gjennom eit samarbeid med Avdeling for Mediefag ved Høgskulen i Volda, har det blitt utarbeidd ein informasjonsfilm for å betre formidlinga av forsking omkring korrekt fangstbehandling.Forskar Margareth Kjerstad er godt nøgd med samarbeidet og filmen. -Vi forskarar er flinke i faget vårt, men ikkje alltid like dyktige til å formidle bodskapen ut til folk. Mediefolk tenkjer annleis.Målgrupper for filmen er både elevar ved fiskerifag på vidaregåande skular og erfarne fiskarar. Mediegjengen skal i løpet av hausten ombord på fleire fiskebåtar og prøvesyne filmen, og dei vil gjere ei undersøking på korleis fiskarane ynskjer å få servert filmen.Janita Arhaug i Møre og Romsdal Fiskarlag har sjølv arbeid som fiskar i mage år. Ho er intervjua for Norges Fiskarlag sitt magasin MEA om filmen:- Dette kan vere ei nyttig påminning om korrekt behandling. Tidspress, store kvanta eller berre gamle vanar er vanlege grunnar til at det av og til kan slurvast med kvaliteten.Filmen på 17 minutt har både norsk og engelsk tale, og er inndelt i 10 kapittel.Det er tidlegare utarbeida undervisingshefte og faktaark av materialet. Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond, VRI Møre og Romsdal, Norges fiskarlag, SUFORI, Høgskolen i Ålesund, Ålesund videregående skole er samarbeidspartar med Møreforsking Marin.Ta kontakt medForsker Margareth Kjerstadhos Møreforsking om du er interessert i meir opplysingar om filmen.

Relaterte artikler

No items found.
Har du spørsmål om vår forskning eller ønsker et samarbeid?

Ønsker du å samarbeide med Møreforsking, eller har du spørsmål om våre publikasjoner eller prosjekter? Ta gjerne kontakt, så hjelper vi deg videre og finner den løsningen som passer best. Våre forskere har bred kompetanse og lang erfaring innen ulike marine fagområder.