Prosjektet «Marknadsundersøking av torskekinn på innanlandsmarknaden» er finansiert av Stiftelsen Rubin og Møre og Romsdal Fylkeskommune.
30 restaurantar fekk tilsendt ferske og frosne vareprøver av torskekinn for å teste ut desse. Gjennomuttestinga vart skilnaden mellom fersk og frosen vare m.h.t. produkteigenskapar og pris kartlagt. Viktige produkteigenskapar er utsjånad, lukt, smak, konsistens og kvalitet. Produksjonsmessige eigenskapar som foredlingsgrad, vektsorteringar og emballasje og sesongmessig variasjonar i etterspørsel etter produktet vart og kartlagt.
Det vart utarbeidd økonomiske kalkyler ut i frå dei data som kom fram i prosjektet, ei kalkyle for produksjon av kinn ombord i ein fabrikktrålar og ei for produksjon i ei fiskeindustribedrift.
Do you want to collaborate with Møreforsking, or do you have questions about our publications or projects? Feel free to contact us, we are happy to help you find the solution that best meets your needs. Our researchers offer broad expertise and extensive experience across a wide range of marine disciplines.