Hovudmålsetninga for dette arbeidet var å legge grunnlag for lønnsamt fiske etter lite utnytta djuphavsarter.
Det har i prosjektet vore fokusert på muligheiter for omsetting av djuphavsarter i ulike marknader. Det er utført marknadsundersøking i Frankrike, Spania, Portugal, Taiwan og Singapore.
Resultata frå dette arbeidet viser at det bør vere gode muligheiter for å få eksportert fleire dyphavsarter til Frankrike, både fersk og frosne. For frosne produkt er det på kort sikt mest aktuelt med filetprodukt av kvitfisk-djuphavsartene. Desse blir anbefalt selt i den franske marknaden, men på litt lengre sikt er dei spanske og portugisiske marknadene og aktuelle.
På kort sikt er følgjande arter mest interessante for kommersiell utnytting: Djupvannshå, brunhå, skolest, isgalt, dolkfisk, orange roughy, mora, skjellbrosme, dyphavsabbor, vrakfisk og rød beryx. På lang sikt er gråhå, stor svarthå, islandshå, havmus, blå antimora og evt. andre arter aktuelle.
Do you want to collaborate with Møreforsking, or do you have questions about our publications or projects? Feel free to contact us, we are happy to help you find the solution that best meets your needs. Our researchers offer broad expertise and extensive experience across a wide range of marine disciplines.