Forskningsformidling om djuphavsaktiviteten for norsk fiskerinæring - I perioden 2002 til 2004

Gjennom forprosjektet ”Langtidsplan for utnyttelse av Nordatlantiske dyphavsressurser” tok Møreforsking initiativ til å utarbeide ein 3-årig Handlingsplan for å utvikle fiske og omsetting av djuphavsartar. Målet med Handlingsplanen var å koordinere ulike finansieringsordningar til å vere med i utviklingsarbeidet for artane, slik at næringen kunne få rammevilkår til å arbeide langsiktig innanfor dette feltet. Ei styringsgruppe hadde ansvaret for å følgje opp Handlingsplanen. Strategiane vart utarbeidt i samarbeid med flåte- og eksportledd. Handlingsplanen har ført til at ein har oppnådd gode resultat innan fiske og omsetning av djuphavsartar i norsk fiskerinæring. Ein har løyst utviklingsoppgåver langs heile verdikjeda.

Målet med prosjektet var todelt. Ein skulle vidareføre arbeidet med Handlingsplanen og utarbeide strategiar, skissere oppgåver og få til finansiering av dei prioriterte utviklingstiltaka. Den andre målsetninga var å formidle resultat frå djuphavsarbeidet til næringsaktørar. Forutan forskingsrapportane frå dei gjennomførte prosjekta, er informasjon formidla gjennom møter, seminar, foredrag, informasjonsbulletiner, produktdata-ark, nasjonale og internasjonale artiklar, samt radioog tv innslag

Publisert:
2005
Forfatter(e):
No items found.
Margareth Kjerstad
Utgiver:
Møreforskning
Møreforsking Marin
Oppdragsgiver:
Fiskeri og Havbruksnæringens Forskningsfond
Rapportnummer:
Å0507
Kategori:
Rapport
ISBN / ISSN:
ISSN 0804-5380

Relaterte prosjekter

No items found.
Har du spørsmål om vår forskning eller ønsker et samarbeid?

Ønsker du å samarbeide med Møreforsking, eller har du spørsmål om våre publikasjoner eller prosjekter? Ta gjerne kontakt, så hjelper vi deg videre og finner den løsningen som passer best. Våre forskere har bred kompetanse og lang erfaring innen ulike marine fagområder.