Den overordna målsettinga med prosjektet er å undersøke om Polar Seafood og Aalesundfisk kan utvikle ein lønsam produksjon og omsetning av ulike typar fiskehovud i den kinesiske marknaden.
Hovud av torsk, sei, hyse, uer, brosme, lange, flekksteinbit, blåsteinbit, torsk og blåkveite vart produsert og testa ut hos utvalte importørar i Kina.
I Kina er det stort konsum av fiskehovud. Auka levestandar, stor tilgang på hovud og SARS har medført at marknaden for fiskehovud har vorte redusert i 2003 og 2004. Den vanskeleg marknadssituasjonen fekk innverknad for resultatet i vår undersøking. Prisnivået viste seg å vere for lavt til at det kan bli økonomisk interessant å satse på eksport av fiskehovud.
Kinesarane føretrekker fiskehovud med eit stort kjøtinnhald og mjuk konsistens i kjøt og bein. Hovud av blåsteinbit vart best likt av kinesarane. Når marknadssituasjonen for fiskehovud i Kina betrar seg, er importørane interesserte i å vidareføre arbeidet med å lansere blåsteinbithovud i den kinesiske marknaden.
Ønsker du å samarbeide med Møreforsking, eller har du spørsmål om våre publikasjoner eller prosjekter? Ta gjerne kontakt, så hjelper vi deg videre og finner den løsningen som passer best. Våre forskere har bred kompetanse og lang erfaring innen ulike marine fagområder.